Back to All Events

Frå yste til inste med Havopplevelse

Havopplevelse tek deg med i båt frå bryggja i Fosnavågen til inste Hjørundfjorden.

Sjøreisa blir av det spektakulære slaget, der ein både får oppleve det opne og frie havlandskapet og den smale fjorden som er omslutta av høge nutar og tindar.

Reisa går til kulturbygda Bjørke og det freda Bakketunet, som er det eldste og mest komplette gardstunet på Sunnmøre, og som i sommar viser utstillinga Menneske og natur. Der blir det også muligheit for ein matbit og kaffi.


Pris: Pr. person 990 kr tur/retur. Inkluderer inngang i Bakketunet.

Påmelding: Minimum 8 personar. Maks 12 personar.   

Bindande påmelding og meir info: post@havopplevelse.no, tlf: 481 44  111



Foto: Eivind Sævik

Foto: Eivind Sævik

pressebilde (1).jpg