Back to All Events

Topptur til Vassdalstinden

Vassdalstinden blir sett på som eit av dei mektigaste fjella nær Ørsta sentrum. Denne toppen stig til værs mellom Saudehornet og Kjerringa. Kjensla på denne toppen kan bli så stor at det ofte kjem ei tåre. Flottare utsikt og opplevingar så nært et stort sentrum finnest nok ikkje andre plassar i Noreg. Må opplevast! Denne toppen er det muleg å nå ved å gå på føtene helt opp, men det krev litt enkel klyving.

Vassdalstinden_08.jpg

Vanskegrad: middels/vanskeleg
Tid: ca. 7-9 timar rundtur
Pris: 350 kr per person, bindande påmelding
Deltakartal: minimum 3 påmelde, maks 8 stk.

Førehandspåmelding: Silje Midtaune på telefon 954 82 443
og mail midtaune90@hotmail.com

Earlier Event: July 30
Tur til Stokkehornet
Later Event: August 1
Topptur til Jønshornet