Back to All Events

Sommarljomkveld, Kunsthuset (Ørsta)

  • Javid Afsari Rad
  • Karen Rosenberg Olsen / Petter Richter 
  • 1816 (Wenche Losnegård +Audun Ellingsen + Erik Nylander - trommer)

 

  • Billettar: 

  • fullpris konsert: kr 250
  • fullpris festivalpass: kr 600
  • elev/student konsert: kr 200
  • elev/student festivalpass: kr 500
  • born under 12: gratis på kveldskonsertar (fri aldersgrense)
  • familie/bornekonsert: kr 50 (samme pris born/voksen)

Billettsal: www.tikkio.com

Javid Afsari Rad - foto Oddgeir Sæther2.png

Javid Afsari Rad

Javid Afsari Rad spelar det persiske instrumentet santur, eit instrument med ca 100 strenger. Han er opprinneleg frå Iran, men har budd i Noreg sidan 1986. Gjennom dei 32 åra han har vore i Noreg, har han hatt stor innverknad på det norske musikklivet. Javid er også komponist og leiar av ensembla Javid Afsari Rad Ensemble, ComboNations og Norwegian World Orchestra. Musikken han komponerer er inspirert av den persiske musikktradisjonen han studerte i Iran, men også av den vestlige klassiske musikken som han har studert i Noreg. Han har turnert i store delar av verda og har komponert mange bestillingsverk, f.eks. for Kringkastingsorkestret i 2006. I 2008 vart han tildelt tittelen «Årets artist» av Oslo Kommune og i 2016 vart han tildelt statsstipendiat av Kulturdepartementet.

karenpetter.jpg

Karen Rosenberg Olsen & Petter Richter

Songarinna Karen Rosenberg Olsen har mastergrad i utøvande klassisk song frå Barratt Due Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole. Ho har lang erfaring som frilans sopran og har gjort ei rekke konsertar både i Norge og utanlands, og då særleg med nordisk musikk. I 2018 gjorde ho rolla som Else, i Magnar Åm sin nyskrivne opera «Kimen», og speler inn si fyrste plate «Du dyraste guten min». Gitaristen Petter Richter har vunne fleire nasjonale og internasjonale gitarkonkurransar og turnert med konsertar i dei fleste europeiske land og i Asia. Han har studert utøvande musikk ved Norges Musikkhøgskule og hjå framtredande musikarar rundt i Europa. Dei siste åra har han m.a. framført og bestilt verk av komponistane Maja Solveig Ratkje, Kristin Andersen og Rob Waring.

Som klassisk duo med song og gitar presenterer Karen og Petter eit repertoar der det stemningsrike og poetiske står i fokus. Konserten dei gjer under Sommarljom byr på vakre, engelske songar av blant andre Benjamin Britten,  John Dowland og Purcell men og songar med ei varmare, meir lidenskapeleg stemning, som Villa Lobos sin umåteleg vakre komposisjon Bachianas Brasilieiras no.5. Eit tradisjonelt format, som det jo er med song og gitar, men og eit format som både vert svært intimt, transparent og full av moglegheiter for leiking med uttrykk og dynamikk. 

1816 - foto Ole Marius Fossen.jpg

1816

Bandet 1816 er eit samarbeid mellom vokalist Wenche Losnegård og bassist Audun Ellingsen, som begge har brei erfaring frå norsk jazz og improvisasjonsmusikk. Med 1816 vever dei to låtskrivarane saman eit fengslande musikalsk univers. De har med seg trommeslager Erik Nylander til Sommarljom. Frå historiebøkene er 1816 kjent som året utan sommar, og 1816 er eit band som utforskar mørkret i oss alle, med eit kontrastfylt, vidtspennande lydbilete. Tunge grooves og mørke klangar balanserer dei lettare melodiane og skaper eit interessant univers. Musikken er hovudsakleg inspirert av jazz, kammermusikk, folk og pop. 1816 har vorte skildra som lyden av Bjørk og Keith Jarrett som komponerer for Rickie Lee Jones og eit lite kammerorkester.

Earlier Event: July 28
Kulturvandring på Bjørke
Later Event: July 29
Topptur til Liadalsnipa