Back to All Events

Sommarljomkveld, Røysløda (Volda)

  • Sigmund Eikeset / Krisztina Tokaji Eikeset
  • Lars Ove Fossheim
  • Masåva (Selma French Bolstad + Martin Morland + Øystein Aarnes Vik)

 

Billettar: 

  • fullpris konsert: kr 250
  • fullpris festivalpass: kr 600
  • elev/student konsert: kr 200
  • elev/student festivalpass: kr 500
  • born under 12: gratis på kveldskonsertar (fri aldersgrense)
  • familie/bornekonsert: kr 50 (samme pris born/voksen)

Billettsal: www.tikkio.com

Sigmund Eikeset og Krisztina Tokaji Eikeset.jpg

Sigmund Eikeset & Krisztina Tokaji Eikeset

Krisztina Tokaji Eikeset, er fødd og oppvaksen i Romania, av ungarske foreldre. Ho studerte cello i Cluj Napoca, Gøteborg og Stavanger. Etter å ha jobba 2 år som cellist i Oradea, har ho dei siste åra frilansa, hovudsakleg i Kristiansand Symfoniorkester og Stavanger Symfoniorkester. Ho underviser cello også ved Universitetet i Agder.

Sigmund Eikeset er oppvaksen i Ørsta, gjekk på kulturskulen i Ørsta og musikklina i Volda før han studerte vidare i Oslo og Gøteborg. Sigmund har dei siste åra jobba i Kristiansand Symfoniorkester, spelar innimellom kammermusikkonsertar og underviser i fiolin. 

Sigmund og Krisztina skal denne kvelden i Røysløda framføre Zóltan Kodaly – Duo for fiolin og cello opus 7. Dette er ungarsk musikk, av ein av dei mest sentrale ungarske komponistane. Kodaly var viktig i samband med innsamling av folkemusikk i aust-Europa, og dessutan i utviklinga av høyrelære-faget.

Lars Ove Fossheim - foto Maria Gossé.jpeg

Lars Ove Fossheim

Alt gitarist Lars Ove Fossheim har teke i dei siste åra har vorte til kritikarrost gull. Your Headlights are on, Broen og Skadedyr for å nemne nokre. Vi er glad for å presentere voldingen i ein unik setting på Sommarljom. Om det vi får høyre seier Lars Ove sjølv:

“Musikken er delvis komponert og delvis improvisert og baserer seg på fragment av «låtar» eg laga då eg skreiv musikken til eit performancestykke under Bastard Internasjonale Scenekunst-festival. Der var små komponerte låtar, farfars gamle bandopptak, naturlydar og støy inspirasjonskjeldene. Mykje av materiale eg då komponerte viste seg å kunne ha eit eige liv utanom stykket. For omlag eit år sidan fekk eg tak i ein gamal analog gitarsynth som har vore med på å utvikle materialet vidare. Musikken er vel eit resultat av det eg har jobba og spelt med dei siste 5-6 åra: eksperimentell «popmusikk» med Broen, tekstbaserte komposisjonar med Pauline Oliveros og Cornelius Cardew, støyrock med Snøskred og Ryhs Chatham, grafiske partitur med Christian Wolff, for å nemne noko.”

Masåva.jpeg

Masåva

Masåva skaper magi av kvardagsproblem, draumar, sorg og kjærleik. Vokalist og felespeler Selma French Bolstad skriv låtar i eit originalt landskap mellom vise, folk og jazz, der ærlege tekstar, fengjande riff og gripande melodiar kan smelte stein. Etter kort tid på bana har bandet funne sitt eige musikalske univers og har i vinter vore i studio for å forevige det på plate - første singel ("Månen") vart sluppe 15.juni og heile debutalbumet kjem til hausten. På Sommarljom spelar Masåva for første gong som trio og kjem til å gjere eksklusive versjonar av låtane som aldri har blitt hørt før. Til Ørsta kjem Selma French Bolstad (fele og vokal), Martin Morland (kontrabass og vokal) og Øystein Aarnes Vik (trommer og vokal).