Back to All Events

Sommarljomopning i naust i Ørstafjøra (Bogafjøra)

  •  Stille (Torkjell Hovland+ Torgeir Hovden Standal + Julie Kleive +John Inge Leira Bjøringsøy)
  • Harpreet Bansal og Nils Olav Johansen

Billettar: 

  • fullpris konsert: kr 250
  • fullpris festivalpass: kr 600
  • elev/student konsert: kr 200
  • elev/student festivalpass: kr 500
  • born under 12: gratis på kveldskonsertar (fri aldersgrense)
  • familie/bornekonsert: kr 50 (samme pris born/voksen)

Billettsal: www.tikkio.com

Ensemble Stille.jpg

Stille

Stillheit er på den eine sida eit ord for noko som ikkje er – eit fråver av lyd. På den andre sida er stillheit noko vi alle har ei oppleving av. Somme finn ho i naturen med fuglekvitter og elvasus – andre finn stillheita i musikk. Stillheit inneheld paradoksalt nok ofte lyd i ei eller anna form. Kontrabassist Torkjell Hovland har skrive ei masteroppgåve om stillheit og musikk. I løpet av arbeidet med denne oppgåva skreiv Torkjell musikk for eit større ensemble med temaet stillheit. Til Sommarljom har han fått med seg John Inge Leira Bjøringsøy på trøorgel, Torgeir Standal på gitar og Julie Kleive på vokal for å utforske lyden av stillheit.

Harpreet Bansal 2 - foto Sara Ôvinge.jpg

Harpreet Bansal & Nils-Olav Johansen

Harpreet Bansal (fiolin, Bansal Band) og Nils-Olav Johansen (gitar, Farmers Market) samarbeidde for første gong under Mela-festivalen i Oslo 2010, som deltakarar i eit større prosjekt. Dei ynskte å halde fram samarbeidet som duo og i andre prosjekt, men det tok fem år før forholda låg ordentleg til rette. Sidan 2015 har Johansen gjesta Bansal Band jamleg, og han bidreg på to duo-spor på Bansal sitt nye album Samaya, som kom ut i mai 2018. Dei to musikarane deler nokre sentrale musikalske interesser, som f.eks. eksotiske skalasystem, ornamenteringar og komplekse rytmar. Utforskinga av desse elementa skaper eit særeige musikalsk landskap, der austlege og vestlege impulsar utfordrar og beriker kvarandre. Publikum kan forvente ein konsert som spenner frå meditative stemningar til heftig virtuositet i dynamisk samspel, når to av landets fremste improvisasjonsmusikarar møtast på Sommarljom.

 

Later Event: July 27
Topptur til Jønshornet