Back to All Events

Overgangstur Kvistadsætra - Maratinden - Skår

Etter vel 400 høgdemeter dukkar det opp to fredfulle fjellvatn. Då ser vi etterkvart den flotte Kvamsedalen. Vi hoppar av stien og traverserer, for så å gå direkte opp på Maratinden. Det er berekna god tid på turen, slik at dei som ønsker blir tatt med på ein avstikkar opp på Kjerringsøyre og Skårkjerringane. Det er også fint å berre nyte utsikta frå Maratinden. Vidare sirklar ein seg ned mot Litlehornet og Skårsætra. Siste del ned til Skår er det god sti. Ruteferje eller skyssbåt til Sæbø.

Vanskegrad: krevjande
Tid: ca. 7-8 timar tur/retur
Pris: 350 kr per person, bindande påmelding
Deltakartal: minimum 5 påmelde, maks 10 stk.

Førehandspåmelding: Martin Hauge-Nilsen på telefon 901 22 311
og mail martinhaugenilsen@gmail.com