Back to All Events

Romedalscampen 2018


NATURFESTIVALEN CAMP 2018
I ROMEDALEN 20.–22. JULI
Eskil Rønningsbakken har samarbeidd med Naturfestivalen gjennom mange år. I år arrangerer vi for fjerde gong ein unik, familievennleg naturcamp i Romedalen, der ein kan oppleve ei rekkje spennande aktivitetar.

FREDAG 20. JULI

Sjekk inn på campen, og ei hyggeleg kveldsstund.

LAURDAG 21. JULI

Frå kl. 09.00

Aktivitetsstasjonar:
Balanse og akrobatikk,
leikar og øksekasting på blink,
spikking, fisking, padling,
balansekunst med stein, hesteriding

10.00  Familieyoga med Gry Haakensveen
13.00  Vi lagar peruansk mat med lokale ingrediensar
20.00 Eventyrleg stund del 1: Forteljing, rørsle og musikk i lavvoen / ved bålet

SØNDAG 22. JULI

Frå kl. 09.00

Aktivitetsstasjonar:
Balanse og akrobatikk,
leikar og øksekasting på blink,spikking,
fisking, padling,balansekunst med stein,
hesteriding

10.00 Natursti til Hallehornet med premier til alle
13.00 Eventyrleg stund del 2:

Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken gir sin siste oppvisning på Hallehornet, før ballen neste år vert sendt vidare til andre utøvarar..

15.30 Servering av grillmat ved lavvoen

17.00 Takk for denne gongen!

Ver merksame på at aktivitetar kan bli endra noko som følgje av vêr og vind. Utforsk gjerne naturen på eiga hand utover det oppsette programmet, men med varsemd og omtanke. Campen er gratis og basert på at ein sjølv har med mat og utstyr for å overnatte i naturen. Born under 15 år skal vere i følgje med vaksne. Ingen påmelding. 

Du kan lese meir om eventen her (Facebook)
eller besøke nettsida: www.eskilbalance.com