Jul
22
7:30 PM19:30

Dollsteinhola og Dollsteinen

Dollsteinhola er ei 180 meter lang marin hole i fjellet Dollsteinen. Den ligg på den idylliske Sandsøya. Vi går langs fjøra og kjem tett på elementa. Opninga ligg 60 meter over havnivå. Fjellet Dollsteinen gir eit spektakulært skode over storhavet. Det knyter seg fleire segn til Dollsteinhola. Blant anna blir det sagt at den legendariske Kong Arthur av England gøymde bort både en gullring skatt og Den Heilage Gral her på 500-tallet. Det vil bli tent lys nede i hola. Viktig med stabile sko og et sett ytterklede som toler å bli møkkete, regnklede eller ein kjeledress fungerer bra, samt arbeidshanskar og hovudlykt.

Om vêr og føre er bra nok, og gruppa ønsker det, går vi også oppom fjellet Dollsteinen.


Gradering: krevjande (litt klatring i tau over store steinar samt ein trong passasje, sterk klaustrofobi anbefalast ikkje)

Tidsbruk: Ca 7-8 timer tur/retur

Pris: 450 kr per person, bindande påmelding

Tal deltakarar: minimum 5 påmelde, maks 10 stk

Fjellet Dollsteinen, opninga til hola på venstre side av fjellet. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Fjellet Dollsteinen, opninga til hola på venstre side av fjellet. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Dollsteinhola. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Dollsteinhola. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Påmelding til Naturguide Martin Hauge-Nilsen på telefon 901 22 311  / info@fjellforeren.no

View Event →
Jul
23
8:00 PM20:00

Familietur til Molladalen frå Barstadvika (Melbøsætra)

Molladalen er etter mange sin meining ein av Norges vakraste dalar. Utsikten på ein klarvêrsdag frå Storevatnet mot dei spisse pinaklane er noe ein seint vil gløyme. Vi startar turen frå Melbøsætra på 230 moh. Storevatnet ligg på 773 moh så nokre høgdemeter blir det. Totalt er turen på 7 km. Ein brukar ca. 1,5 time opp til vatnet i roleg og jamt tempo.  Der er et parti der stien traverser forbi eit bratt og noko luftig parti, men her er stien sikra med kjetting å halde seg i. Det er muleg å gå om dette partiet for dei det er ønskeleg for.

Gradering: middels

Tidsbruk: 4-5 timer

Pris: 100 kr per person, 250 per familie

Tal deltakarar: minimum 5 påmelde

Molladalstindane kommer til syne. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Molladalstindane kommer til syne. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Molladalstindane. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Molladalstindane. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Kjekke aktivitetar i Storevatnet

Kjekke aktivitetar i Storevatnet

Påmelding til Naturguide Martin Hauge-Nilsen på telefon 901 22 311  / info@fjellforeren.no

View Event →
Jul
24
8:00 PM20:00

Kajakktur Eiksund

Padleturen startar ved Eiksundbrua. Vi utforskar det flotte øyriket med masse holmar og skjær. Vi har mange moglegheiter, ei av dei er å padle rundt Eika og Yksnøya. Vi går i land og nyter ein god lunsj før vi padlar vidare.

Gradering: Middels

Tid: Dagstur 6-7 timar

Pris: 500 kr per person

Tal deltakarar: Maks 10 stk (første mann til mølla)

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Påmelding til Naturguide Martin Hauge-Nilsen på telefon 901 22 311  / info@fjellforeren.no

View Event →
Jul
24
8:00 PM20:00

Familiedag på Raudøya.

Øya ligg flott til ved utløpet av Ørstafjorden omkransa av flotte fjell som mellom anna Liadalsnipa.

Velkomen til open familiedag med varierte aktiviteter som kajakk, kano og færing. Natursti, luftgevær samt pil og boge. Ta med grillmat.
Båttransport frå Liadal til Raudøya er inkludert i prisen.

Foto: Raudøya.

Foto: Raudøya.

Gradering: lett

Tidsbruk:6-7  timer

Pris: 200 kr per familie 50 kr per voksen

Oppmøte: Rjånes småbåthamn frå kl 10.00. Førehandspåmelding for dei som treng båtskyss seinast 23. juli kl 16.til info@orstainfo.no eller tlf 913 67 470 00 slik at vi sikrar nok båttransport.

View Event →
Jul
25
8:00 PM20:00

Ettermiddag/kveldstur – Folkestadsetra – Kyrshovudet – Galten – Kornbergveten

Rundtur på Folkestad i Volda kommune. Flott og variert vandreterreng med lite stigning. Utsikta blir betre både innover Dalsfjorden og mot Volda og Austefjorden for kvart steg ein tek. Turen startar på Folkestadsetra opp til Kyrshovudet, langs ryggen til den spektakulære fjellhammaren Galten ved Sollidheida. Vidare til Kornbergveten og til slutt ned Løndalen, der vi har satt igjen bil med tanke på logistikken.

Gradering: lett

Tidsbruk: Ettermiddagstur, ca 3-4 timer rundtur

Pris: 250 kr per person, bindande påmelding

Tal deltakarar: minimum 5 påmelde

Galten med Dalsfjorden. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Galten med Dalsfjorden. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Påmelding til Naturguide Martin Hauge-Nilsen på telefon 901 22 311  / info@fjellforeren.no

View Event →
Jul
26
to Jul 27

Overnattingstur ved Mosætra/Vallesætra, Langedalen

Her er vi omkransa av majestetiske fjell og tinder, som Vassdalstinden, Kjerringa og Åvasstinden. Vi lager oss en basecamp der vi lager oss mat og overnattar i telt/lavo.

Gradering: Middels

Tid: Tur med ei overnatting

Prisar: 250 kr per person (inkludert lån av telt eller lavo)

Tal deltakarar: minimum 5 påmeldte

Elva frå Bukkedalen. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Elva frå Bukkedalen. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Påmelding til Naturguide Martin Hauge-Nilsen på telefon 901 22 311  / info@fjellforeren.no

View Event →

Saudehornet Rett Opp
Aug
4
11:30 AM11:30

Saudehornet Rett Opp

Motbakkeløp med start i Ørsta småbåthamn. Førehandspåmelding på nett eller Registrering på Hotell Ivar Aasen før start! 

Start mosjonsklasse frå kl. 08.00
konkurranseklasse kl. 11.00. 

Overføring på storskjerm frå Tussa av løpet. Magne Johnny Krumsvik er speaker.

Startkontingent: konkurranseklasse kr 400-, ved førehandspåmelding, 500,- ved påmelding på løpsdagen. Mosjonistar kr 200,-. (lisens ikkje inklusiv).
Familie (mosjonistar) max. 4 personar: kr 400,- (her kjem lisenspengar kr 30,- i tillegg for deltakarar over 13 år).

For meir informasjon og påmelding, sjå mosjon.friidrett.no/saudehornet2018
eller besøk facebook sida vår:  Saudehornet Rett Opp 2018

Arr: Naturfestivalen

View Event →
Topptur til Jønshornet
Aug
1
9:30 AM09:30

Topptur til Jønshornet

På denne turen får du oppleve noko av det beste Sunnmøre har å by på, med Molladalen som turmål i seg sjølv i tillegg til denne perla av ein fjelltopp. Jønshornet er den høgste av Molladalstindane og er eit kjent fjell i Sunnmørsalpane.

View Event →