Tilfeldig bilde frå album

Hovudsponsorar


SPANANDE FØRINGSTURAR MED NORGESGUIDENE

UIAGM/IVBV/IFMGA sertifisert fjellførar


Vi kan tilby spektakulære fjellturar for små grupper.
Vi oppmodar alle interesserte i å melde seg på så snart som råd, for det er små grupper.
Meld deg gjerne på i dag!

Turar kan også gjerast andre dagar i festivalveka, ta kontakt for å finne tidspunkt.
Førebels har vi sett opp 4 turar, men det vil kome fleire.
Dersom de har forslag/ønskje til nye turmål tek vi gjerne imot forslag!

 

Her er dei turane som alt er klare:

1. August - Kolåstind
Ein lang fjell- og bretur.
Vi startar frå Standaleidet og går herifrå inn i Kvanndalen og til Stretet.
Etter kvart tek vi på breutstyr og går opp breen til topps.
Ned kjem vi til å fylgje mykje same ruta.
Dette er ein tur der det er viktig å ha gått litt på tur, at skoa er impregnerte, gamasjane gode og knea tåler ein lang tur med breutstyr i sekken.
Maks 6 deltakerar.
Kombinasjonen av at det er ein lang tur og bre gjer at vi ikkje ynskjer å være fleire.
Pris pr pers ved 6 deltakarar: 950,-

2. August - Bladet
Bladet er ein særeigen pinakkel (tårn) i Molladalen.
Vi startar tidleg om morgonen frå Barstadvika og går opp til Molladalen.
Her vil vi gå ei av rennene til vi kjem opp mellom Mohns topp og Randers Topp.
Her går vi inn på breen og bort til Bladet.
Klatringa er ikkje like vanskeleg som bileta gjev inntrykk av, vi klatrar med fjellsko og slepp bære med oss klatresko.
Maks 4 deltakerar fordi terrenget opp til bladet er bratt og laust.
Det er ikkje vanskeleg, men det er ikkje triveleg å være mange under kvarandre i slikt terreng.
Pris pr pers ved 4 deltakarar: 1500,-

3. August  - Liadalsnipa
Ein klassikar, og alle Sunnmøringar som ikkje har vore her lurer nok litt på kvar råsa eigentleg går!
Det ser verre ut en det er, men likevel er det ein topp der det er kjekt med tau.
Det er ulike vegar til dette fjellet så vær og føre bestemm korleis vi går.
For å være fleksible på ruteval er det maks 2 deltakerar.
Pris pr pers ved 2 deltakerar: 1800,-

4. August - Slogen
Treng nok ingen introduksjon.
Det at dette er ein flott tur er dei fleste einige om.
Turen er lang og knea får kjørt seg skikkeleg.
På denne dagen er det viktig å starte tidleg slik at vi ikkje blir gåande i varmen i bakkane, men får benytte oss litt av skugge og morgontemperatur på fyrste kneika frå dalen.
Heilt kva rute vi vel vil vi bli einige om på morgonen.
Siste biten til topps er litt klyving, men ikkje verre enn at når vi tek tida til hjelp vil dei fleste oppdage at det er ikkje så gale som fyrsteintrykket gjerne gir bilete av.
Gode fjellsko og gode kne er nødvendig.
Dei som ynskjer kan overnatte etter turen på Patchellhytta.
Maks 6 deltakerar
Pris pr pers ved 6 deltakarar 950,-


Påmelding og info til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller ring 920 54 057
Ynskjer du kontakt direkte med føraren kan du sende ei melding til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller 990 35 444
Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris.
Betaling enten kontant eller faktura.
Norgesguidene stiller med spesialutstyr til alle turane
Forbehold om småfeil i programmet!

Arrangør: Norgesguidene

 


Westres bakeri
Eurospar

Alle aktivitetar skjer på eige ansvar. Naturfestivalen er ikkje ansvarleg for skade på ting og personar som skjer under dei ymse arrangementa så lenge festivalen varer.
All activities during Naturfestivalen are done at your own responsibility. Naturfestivalen are not responsible for any damage to things or persons during the length of the festival.
Tenk alltid gjennom eigen tryggleik og vis respekt for naturen sine krefter!
Allways ensure own safety and show respect of the forces of the nature!